Profesjonelle advokater bistår foreldre og barn i barnefordelingssaker.

Foreldreansvaret:

§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte

Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det aleine. Inntil avtale eller avgjerd 1 om foreldreansvaret ligg føre, har dei ansvaret saman.

§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn. Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine. Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.

§ 39. Registrering av foreldreansvaret

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. Dersom farskap eller medmorskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

Ta kontakt her